50 på dugnad for husflidsmessa

Fylkets største husflidsmesse går av stabelen i Flora samfunnshus til helga. Men den lagar ikkje seg sjølv.

Publisert 12.11.2008 kl 10:02 Oppdatert 12.11.2008 kl 20:13

Tips ein venn på e-post:

...
NY MESSE: Førstkomande laurdag og søndag blir det husflidsmesse i Flora samfunnshus. Foto: Jan Atle Stang

Julemesse til helga

...

Sjå bilete frå tidlegare husflidsmesser her.

Sjå bilete

– Utan den gode dugnadsånda i laget hadde det aldri gått. Og messa er viktig for drifta av laget. Det er inntektene vi klarar å skape under messa som er hovudgrunnlaget for drifta vår resten av året, seier leiar i Florø husflidslag, Gunnfried Sund til Firdaposten.

Årets messe samlar over 40 utstillarar, og fleire står på venteliste for å sleppe til. Det meiner Sund er eit kvalitetsteikn for messa. Hovudutstillarane i år kjem med sølvarbeid, og i tillegg blir det måleri, trearbeid, keramikk, strikk, smijarnsarbeid, kosmetikk og ulike spennande nisjematprodukt som urter, pølser og flatbrød. Og utstillarane kjem frå heile landet.

Berre handverk

I fjor samla messa heile 1500 besøkande over to dagar. Produkta folk får kjøpe har ein viktig fellesnemnar:

– Vi slepp ikkje til utstillarar som sel «kjøpeprodukt» eller halvfabrikat. Ting skal vere heimelaga, slår Sund fast.

På årets messe blir det også utstilling av produkt frå ungdomsgruppa i husflidslaget, Ung Husflid.

Puteutstilling

I tillegg til sal av husflidsprodukt blir det åresal og kafédrift i regi av arrangørane. Du kan også få med deg utstillinga av gamle sofaputer, som husflidslaget har samla inn lokalt i løpet av hausten.

– Somme opplever at husflidsprodukt har blitt dyre. Kva meiner du?

– Då bør folk tenke over at dei kjøper handlaga kvalitet. Eg trur ikkje timeløna til dei som lagar arbeida er særleg høg, seier Sund.

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.