Heidi Fosli stiller ut oljemåleri i Galleri Frøya i Kalvåg frå 16- 30.juli.
Utstillinga har tema «Reisen», og inspirasjon til denne utstillinga er henta frå reiser jorda rundt. Bilda til Fosli blir samanlikna med Edvard Munch. Fosli har hatt ei rad utstillingar i Oslo-området, der ho arbeider. Ho uttrykker sterke og dramatiske kjensler, ofte i relasjonar mellom menneske, og sammensetninga av fargar og fargenyansar er eit viktig element i uttrykket hennar. Hun malar figurativt i stil, men bilda har også noko abstrakt eller surrealistisk over seg.
Den som vil sjå meir av kunstnaren kan sjå på heimesida www.heidifosli.com.
Lokal fotball Førde scora kampens einaste mål i ein kamp som blei overskygga av ein stygg hovudskade på Florø-kaptein Andre Reksten Les meir
Lokal fotball Sunnfjord-rivalar i storform møtast til klassisk 16.mai-kamp. Blir det ein ny folkefest? Les meir