Jomentum har all grunn til å vere nøgde etter ei vellukka stemne denne helga. Arrangørane og Florø får mykje skryt frå dei tilreisane korene.
21 kor og over 400 songarar, inkludert Jomentum, har denne helga fylt Florø med song.
Det starta med eit syngande tog gjennom sentrum laurdag føremiddag, deretter gjekk det slag i slag.
Skjønn er du by
Først storkonsert med alle korene på Torget, der bysongen "Skjønn er du by" vart framført, saman med Fylkessongen og Fagert er landet.
Deretter var det småkonsertar rundt om i sentrum, ved Sparebanken, på Svanhild, ved Rådhuset og fleire andre stader. Det var også kyrkjekonsert og konsert på Flora samfunnshus.
Om kvelden var alle korene samla til storstilt fest i samfunnshuset, med trerettars middag og underhaldning.
Nye konsertar
Søndag var det nye konsertar, i Røvarhillaren, Omsorgssenteret, i kyrkja og på samfunnshuset.
- Så langt har vi berre fått positive tilbakemeldingar, deltakarane er veldig rause og skryt av arrangementet, fortel Siv Aardal i arrangementskomiteen.
Sjå fleire bildeseriar frå arrangementene.
Les om Songarstemne i Firdaposten si papiravis tysdag.