Fredag var Idol-gjengen innom Førde for å rocke publikum. Stemninga var ekstra høg kvar gong Idol-vinnaren kom fram på scena. Dei mange jentene som stod heilt framme var desperate for å få ønskje bursdagsbarnet Aleksander (19) gratulerer med dagen.
Til tross for at berre 1300 hadde møtt opp på Festplassen i Førde fredag, var stemninga slett ikkje dårleg. Dei seks idola Aleksander Denstad With (19), Ørjan Hatlevik (21), Wisnu Witono Adhi (22), Vivian Sørmeland (20), Marita Johansen (17) og Stine Hansen (17) vart møtt med jubel, skrik og hyl då dei entra scena. Publikum var i ekstase då Idol-sirkuset tok laust klokka 18.
Jonas var sjuk
Sju idol vart til seks etter at Jonas Thomassen (18) hadde vore til legen og fått syngeforbod på grunn av dårleg hals. Men dei seks andre køyrte showet godt – med god hjelp av det strålande sommarveret.
Eikefjord barnekor gjorde jobben sin då dei song ”Dom som forsvann” av den svenske gruppa Kent saman med Ørjan. Det såg også ut som dei koste seg på scena i ført kvite kapper.
Går i underskot
1300 besøkande var ei halvering frå fjorårets Idol-konsert. Remi Tystad og Fjordane Musikkforum går difor ikkje i overskudd på konserten. Men Tystad er likevel nøgd med gjennomføringa. Kveldens, og Idolturneens to programleiarar, var Tor ”Slemme Tor” Milde og fjorårets Idol-vinnar Jorunn Stiansen. Oppbygginga av showet og konferansierane bør TV2 ta ein titt på, for det var ikkje spesielt bra. Konfransierane var på scena eit par gonger med barnselege vitsar som ikkje dei minste ler av ein gong. På scena gjer Idol-folket så godt dei kan, med hjelp av eit forholdsvis sprekt og livleg band.
Les meir om saka i tysdagsavisa.
Idol-sirkuset er på hjul heilt fram til 25. juli. Då blir det avsluttningskonsert i Steinkjer. Fram til det skal idola ha vore innom 24 plassar i heile landet.
Lokal fotball Førde scora kampens einaste mål i ein kamp som blei overskygga av ein stygg hovudskade på Florø-kaptein Andre Reksten Les meir
Lokal fotball Sunnfjord-rivalar i storform møtast til klassisk 16.mai-kamp. Blir det ein ny folkefest? Les meir