Håvard sin store kveld

FLORØ: Håvard Lothe Lauritsen imponerte alle då han hadde eksamen laurdag. Publikum jubla, og sensor Matthew Flynn frå Paul Mc. Cartney-skulen gav han toppkarakter.

Dag Frøyen
Dag Frøyen Profil E-post
Publisert 12.04.2006 kl 17:29 Oppdatert 12.04.2006 kl 17:37

Tips ein venn på e-post:

...
MEKTIG: Med støtte frå vokalisten Marte Helleseter frå LIPA, band, kammerorkester, og Brandsøykoret var det tidvis mektig trøkk frå scena. Og Håvard Lothe overtydde både publikum og sensor under den mektige eksamenskonserten. Foto: Dag Frøyen
...
Sensor Matthew Flynn: - Eg trur alle som var her kan stadfeste at dette var førsteklasses, seier han.

– Dette er slike ting som gjer at du blir patriot. Det er berre i Florø det går an å gjere noko slikt, seier Håvard med champagne i den eine og blomar i den andre handa etter konserten. Ros hagla frå alle kantar som roseblada gjorde det over publikum på ekstranummeret.

Før konserten trippa han i kulissane for å kome ut og vise kva han var god for. Han gav også publikum ei stor oppleving, og dei vi snakka med etterpå sa dei fekk meir enn dei hadde håpa på.

Endeleg

Hovudpersonen sjølv hadde gått svanger med denne konserten i to år. Og no var det den store kvelden. For Lothe er ein person med stor sans for detaljar og hadde kontroll på alt som skjedde. Det var ikkje noko skippertak, men hard og målretta jobbing som låg i botnen for denne konserten. Uttrykket han ville formidle var også betre enn han hadde tord å håpe på.

– Eg hadde ei god kjensle og visste eg hadde dei dyktigaste musikarane i ryggen som kunne støtte meg. Det var ikkje noko som kunne gå feil. Kan du stå for det du gjer, så kan det ikke gå gale, seier Lothe.

Han var overraska over kor roleg han var sjølv, endå meir eller mindre alle han kjende i Florø sat i salen.

– Då eg fekk ferdigstilt scena, såg eg at den vart akkurat slik eg ville ha den. Det var som om eg inviterte folk heim til meg. Eg var rett og slett sjef på den scena før dørene opna, seier han.

Det einaste han ikkje hadde planlagt var kor mykje publikum jubla og kor lenge applausen skulle vare.

For allereie på det første nummeret vanka det trampeklapp.

Gåsehud

Med seg på scena hadde han invitert Marte Helleseter frå Hønefoss. Ho vart uteksaminert frå LIPA i sommar og hadde ei stemme av den typen som framkallar gåsehud. Duetten deira på låten "Where they fly" var også høgdepunktet slik vi ser det.

Sjølv om musikken til Lothe framstår som spesielt stemningsfull, utførte han ein gitarjam midtvegs der han synte at det var gitarist han var då han fekk plass på LIPA for fire år sidan. Med blitzkrig frå lyskastarane tok han pusten frå publikum medan han hamra på gripebrettet.

Deretter senka han publikum ned i stolane igjen. Han hadde også festa lighterar under annakvart sete for å skape stemninga han var ute etter hos publikum.

Og det vart også ein Grand Finale. På ekstranummeret " Beautiful ways" regna det roseblad frå taket, og den ståande applausen ville ingen ende ta. Før han klarte å finne opninga i sceneteppet, fekk han blomar og takk frå ein stolt varaordførar i Flora kommune, Bente Halvorsen. Han fekk også merksemd frå naboar han ikkje hadde sett på ti år, og vennegjengen var på plass med blomar og heider.

Inspirerande

– Eg har utdanna meg til musikar, og eg veit det ikkje er noko lett yrke. Men no håpar eg at fleire enn berre florøfolk set pris på musikken min. Tilbakemeldingane har vore udelt positive, og denne konserten har gitt meg truleg mykje inspirasjon til å stå på vidare, avsluttar han. Vi snakka også med Håvard i går, og då var han framleis overlykkeleg.

– Eg har ikkje heilt landa enno. Eg har ikkje hatt ei stille stund til no, og det er mykje å fordøye, avsluttar han.

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.