Dansar i rockemusikal

FLORØ: Den utflytta Florøværingen Åsmund Kjelsnes (21) er tilbake i heimbyen for å danse og synge i den nynorske storoppsetjinga av Jesus Christ Superstar den 19. august.

Publisert 26.07.2005 kl 09:10 Oppdatert 26.07.2005 kl 09:13

Tips ein venn på e-post:

...
Åsmund Kjelsnes frå Florø er no busett i Stavanger, og studerer dans ved universitetet der.

Han skal saman med over 50 andre ungdommar framføre rockemusikalen på torget i Florø.

Åsmund Kjelsnes frå Florø er no busett i Stavanger, og studerer dans ved universitetet der. I sommar er han heime for å delta under oppsetjinga av musikalen Jesus Christ Superstar. Denne helga var instruktørar, skodespelarar, dansarar og songarar samla i Florø for øving, og Åsmund deltek både som dansar og korsongar.

– Det vert nok mange kostymeskift på meg. Koret er jo på scena nesten heile tida, så eg får nok å gjere, smiler han.

Når Åsmund leste om oppsetjinga av musikalen i Firdaposten, og såg at arrangørane søkte etter folk, ringde han straks og melde seg på audition.

– Eg tenkte det var ein kjekk måte å tilbringe sommaren på, i staden for å vere i Stavanger. Spesielt då eg såg at det var fleire lærarar og ungdommar som eg kjende frå før som skulle delta. Eg hadde rett i att det vart gøy, det er veldig sosialt å vere med! Dessutan er det ekstra kult at musikalen er på nynorsk.

Åsmund har eit litt spesielt forhold til Jesus Christ Superstar.

– Mamma er veldig glad i den, så eg har på ein måte vekse opp med denne musikken. Mamma har ein 4-dobbel LP frå originalinnspelinga, og eg pleidde å syngje til den når eg gjekk på barneskulen. Ho var også på kinopremieren i Oslo, det er jo litt stilig, smiler han.

Til hausten skal Kjelsnes starte på sitt andre år av ei treårig barchelorgrad i dans ved Universitetet i Stavanger.

Han synst det er veldig kjekt at han skal stå på scena i Florø att, det har han ikkje gjort sidan han for nokre år sidan var slagverk- og songelev på kulturskulen.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.