KORSPRELL I EIKEFJORD

-ein smak av Koriander-

Publisert 17.11.2004 kl 23:38 Oppdatert 17.11.2004 kl 23:40

Tips ein venn på e-post:

...

Vel inne i sin andre sesong er koret Koriander i støtet som aldri før.

Koret er starta som ein del av den positive og skapande bølgja som fløymer over Eikefjord for tida, under mottoet ”Vi kan og vi vil, og folk frå Eikefjord får det til”

Og vi får det til!

Fyrstkomande laurdag er koret klar med si fyrste heilkvelds framsyning nokosinne!

Tittelen Korsprell borgar for ei framsyning med stor spennvidd frå vakker og intens korsong i ”What a wonderful world” til den meir jazza ”Spinning weel”, og til smektande ”Kjersti lill”.

Innimellom kornumra vert det ”sprell” med rykande ferske og aktuelle revyinnslag, der vi kommenterer stort og smått i kommunen.

Mellom anna er vi inne om det oppheta forholdet mellom tyske turistar og Flora på den eine sida, og etablering av fleire tyske etablissement i Florø på den andre sida. Det må berre bli ompa ompa!

Sauehaldet har sin sjølvsagde plass, med dyrehelse i sentrum!

Dersom nokon lurer på kva som kjem ut av ”Sunnfjord 2020”, så har vi dei gode løysingane på det.

Den som har lese avisene i det siste har vel og fått med seg at grendalaget er aldeles ”steingalne”, og vi spør: får dei aldri nok.

Eit ”Korsprell” må ha tonefølgje, vi hentar sjølvsagt også det frå Eikefjord. Geir Aage Hovland spelar piano både til ein del av korsongane og til revyinnslaga.

Frå Det norske Arbeidarparti og Eikefjord Grendalag har vi fått klarert kveldens dirigent, og han heiter sjølvsagt Brigt Olav Samdal. Ingen parti eller lagsmøter på laurdag, då er det ”korsprell” som gjeld. Kanskje blir det og ein tenor-arie å høyre frå ”gullstrupen” vår??

Koriander er krydder – Lat oss få krydre laurdagskvelden for dykk.

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

"Tør de Trovik" enda med plask

Lokalnytt I Florø fekk den improviserte hoppbakken nytta under "Tør de trovik" ein litt annan vri enn hoppbakkane i resten av verda. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.