FLORØ: Erling Borgen sin dokumentarfilm om barneflyktningar i Norge får verdspremiere i Florø på sjølvaste FN-dagen. Det skjer under den etter kvart så tradisjonsrike internasjonale festen i Flora Samfunnshus.
Filmen skal seinare i haust visast på TV 2. Til framsyninga kjem også søskenparet Zaur (11) og Ruzanna Abaza (19) til å vere til stades. Ruzanna går no på Flora vidaregåande skule, medan Zaur er elev ved Torvmyrane skule. Det er lagnaden og livet deira som einslege mindreårige asylsøkjarar filmen handlar om. Vi får høyre om livet på asylmottaket på Solbakken, draumane dei har, og blir med dei på skulen.
Klassane inviterte
Derfor blir også sjetteklassen til Zaur særleg invitert til premieren. Dei skal til og med synge under den internasjonale festen. Også klassen til Ruzanna vil bli spesielt invitert.
Opptaka starta for vel to år sidan, etter at foreldra tok den dramatiske avgjerda om å forlate barna sine dagen før familien skulle kastast ut av Norge. Familien frå Abkasia som er ein utbrytarrepublikk til Georgia, hadde kome til Norge eitt år tidlegare og fått endeleg avslag på søknaden om asyl.
Torsdag var den kjende journalisten og tidlegare NRK-ankeret og utanrikskorrespondenten tilbake i Florø for å gjere dei siste opptaka.
Dramatisk vending
– Heile historia fekk ei brå endring då foreldra like før jul i år plutseleg dukka opp att på Austlandet. Då hadde mora vorte behandla for ein alvorleg sjukdom i Sverige. Barna hadde då vore utan foreldra i 14 månader, fortel Borgen. Også ved dette møtet var han til stades med filmteamet. I filmen er vi også med dei to barna på Kinnaspelet, som kona til Erling Borgen, Agnete G. Haaland, i år hadde regien for. Her var søskenparet med som skodespelarar. – Eit fantastisk spel som også handlar om å gjere dramatiske val, seier Borgen
Ikkje før torsdag under dei avsluttande opptaka hadde foreldra vore villige og i stand til å snakke om kvifor dei reiste frå barna sine og etterlet dei åleine i Norge. No er dei på nytt truga med utkasting. Berre Ruzanna har fått opphaldsløyve, medan Zaur og foreldra skal ut. Borgen har eit håp om at filmen skal bidra til debatt om dei aller svakaste av dei svake i Norge som han kallar dei einslege mindreårige asylsøkjarane. Han har også eit håp om at filmen kan bidra til at lokalsamfunnet no slår ring om den vesle familien.
Det meste av dokumentaren er ferdig klipt. No står det berre om slutten. Både Ruzanna og Zaur har allereie sett det meste av den.
Rørande
– Det var ein god film. Men eg hadde ikkje venta at den var så følsam og dramatisk, seier Ruzanna.
Borgen fortel om ei rørande stund der alle som var med på filmen sat og gret i lag.
Reporteren lovar dei også å sende Zaur og Ruzanna ein ferdig tape slik at dei får sett filmen før den får premiere i samfunnshuset.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir