Ut i Veiking for åttande gong

FLORØ: Neste fredag skal sjefsveikingane Vidar Nupen, Dag Bjerk og Dag Knapstad ut i veiking for åttande gong. Turen går til Stavang og Svanøy, og i år får dei "Atløy" med i flåten.

Publisert 18.06.2004 kl 19:26 Oppdatert 18.06.2004 kl 19:47

Tips ein venn på e-post:

...
VEGVISAR: "Atløy" har radar med stor rekkevidde, slik at der god von om å finne vegen og leia på den åttande Veikingkonvoien. Generaladmiralane er som vanleg Dag Knapstad (t.v.), Dag Bjerk og Vidar Nupen

– Til liks med tidlegare år er det grendelaga og lokale næringsdrivande som gjer alt arbeidet. Vi i konvoileiinga er fornøgde med rosande omtale og såpass med pengar at vi ikkje går i minus, forkynner dei tre i programheftet.

Påmeldingsavgifta følgjer brevposten og er no komen opp i kr 6,00. Dobbel avgift for båtar over 30 fot. Kajakkar går som B-post.

– Vi set pris på at flåten blir utvida med ein skikkeleg storbåt i veteranklassen, og såg gjerne at også den tomasta "storgavlen" frå 1889 ("Svanhild") kunne bli med på ferda, seier Nupen.

I år er det meir kulturinnslag enn vanleg på desse konvoiane, særleg laurdagen då barnefamiliar og andre vil finne mykje å glede seg over.

Fredagen er det snauaste vegen til Stavang etter samlinga på Florevika, med bryggedans og gjensynsglede og diverse offisiell og eigenkomponert moro.

Laurdag går reveljen fem på åtte. Då skulle dei fleste vere vakne til gratis fellesfrukost på kai i titida.

På Svanøy blir veikingane inviterte med når meisterkokken Terje Ness opnar Svanøy Internasjonale Røykelaksfestival. Deretter er det same invitasjonen når Lidvin Osland opnar Galleri Svanøe, og i tillegg er det omvising på Svanøy Hovedgård. Om ettermiddagen blir det buss til Kvalstad for omvising på hjortesenteret. Seinare er det konkurransar og matshow, før Vidar Nupen opnar Nordsjøløypa med påfølgjande omvising på Marø Havbruk.

Dansen er ved Terje Nyhammar, og vidare ser vi av programmet at kl. 2500 er det at det er song og spel i gavl og kratt – på veikingvis, går vi ut frå.

Søndag kjem den fjerde reveljen med påfølgjande frukost og samling rundt lommeradioen til høgmesse, før heimreisa når det måtte passe utpå dagen.

– Det er som sagt tett program, men så vidt vi forstår har Svanøyfolket eit avslappa forhold til klokkeslett, så eg trur at dei fleste vil kunne få med seg det meste, seier veikingarmada-styret til slutt.

Mest lese no

...

Framleis stengd av ras

Lokalnytt Søndag kveld vart Magnhildskaret stengd av snøras. - Vegen opnar 16.45 måndag ettermiddag, opplyser Statens vegvesen. Les meir

...

Fire frå Florø i finalen

Lokalnytt Lise Karlsnes fekk wildcard til MGP-finalen i Oslo og vert den fjerde artisten frå delfinalen i Florø som skal stå på scena kommande laurdag. Les meir

...

Nesten 1 million sjåarar

Lokalnytt Del to av MGP-delfinalen i Florø vart sett av 963.000 på NRK1. Les meir

...

Elleve florølag vidare i krinsmeisterskapen

Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.