SVANØY: Flora-kunstnaren Bjarne Svanøe opnar nytt galleri neste laurdag. – Utstillinga blir den mest spennande som har vore i Flora nokon gong, meiner han.
Opninga skjer i samband med Den internasjonale røykelaksfestivalen og Veikingkonvoien neste helg. For å gjere maksimal stas av opninga til Galleri Svanøe i den gamle sjøbua til Svanøy Hovedgård, har han samla ni andre kunstnarar til utstilling. Kvar av dei deltek med 2-3 arbeid.
– Fridtjov Urdal skal debutere som biletkunstnar hos meg. Han oppdaga mulegheitene i eit teikneprogram på datamaskina si. Etter ein tur til "den evige stad", Roma, opplevde han eit skred av skapartrong. På utstillinga her ute kan folk for første gong oppleve Fridtjov som biletmakar, fortel Svanøe.
Lidvin Osland skal stå for den offisielle opninga. Lista av kunstnarar er følgjande: Hennie Andersen, Nordland – måleri. Øyvind Botn, Stårheim – måleri. Solveig Haukaas, Balestrand – emaljebilete. Frøydis Lunde, Aurland – måleri. Robert Speight, London – måleri. Bjarne Svanøe, måleri. Svein Thingnes, keramikar frå Vevring. Fridtjov Urdal, datakunst. Erling Valtyrson, grafikar frå Ålesund. Kristi Ylvisaker, amerikanar som har budd i Sogndalsdalen sidan 1970, måleri.
– Dersom eg skal trekke fram nokon andre må det vere London-kunstnaren Robert Speight, som har stilt ut i same galleri som meg i Bergen, Galleri Siverts. Han har fått rosande omtale av Dag Sveen, kjent kunstprofessor i Oslo, fortel Svanøe.
Han har investert over ein halv million i Galleri Svanøe og meiner han trygt kan seie at det er det beste utstillingslokalet i kommunen. Han reknar med sommardrift på galleriet kombinert med at det kan bli utleigd som arbeidsstad til andre kunstnarar på vinteren.
Lokal fotball Florø sportsklubb gjorde det bra under innefotball-kvaliken til krinsmeisterskapen. Les meir