Trur ikkje Kinn forsvinn ut av hyllene

FLORA: I alle fall ikkje lokalt.

Marknadssjef Ann-Magritt Banne og admin. dir. Espen Lothe i Kinn Bryggeri

Marknadssjef Ann-Magritt Banne og admin. dir. Espen Lothe i Kinn Bryggeri (Foto: )

DEL

I haust gjekk Kinn Bryggeri og Mack Ølbryggeri inn samarbeid om sal og distribusjon. Dei ønskte å styrke si rolle i daglegvaresektoren og Mack har salsapparat i heile landet. Det blei difor eit naturleg val. Men kva konsekvensar får det for Kinn Bryggeri dersom Mack no kan miste hylleplass hos daglegvarekjeda Rema 1000 grunna deira nye satsing på færre merker i butikk?

– Ikkje sjølvsagt plass

Marknadssjef i Kinn Bryggeri, Ann-Magritt Banne forklarar at samarbeidet med Mack går ut på direkte butikkoppfølging og ikkje sjølve distribusjonen. Ho trur difor ikkje dette nødvendigvis vil ha store konsekvensar for dei:

– Butikkoppfølging vil seie at Mack sine tilsette følger opp butikkane som vi har øl i. Dei passar på at ting ser bra ut i hyllene og at dei har bestilt det dei skal ha og så vidare. Distribusjonen er det Rema 1000 sjølv som tek seg av, forklarar ho.

Dei vedgår likevel at det kan få konsekvensar for Kinn i andre delar av landet:

– Dersom Rema berre skal satse på nokre få merker, så er det ikkje sjølvsagt at vi vil fortsette å ha ein naturleg plass i hyllene i mange av dei butikkane vi er i dag, seier Banne.

– Vi har til dømes selt ein god del øl til Rema i Østfold. Det reknar eg med at vi ikkje får gjere lenger, seier Lothe.

Satsar lokalt

Men at Kinn-ølet skal ut av butikkhyllene lokalt trur dei ikkje:

– Tanken bak den nye satsinga til Rema 1000 er at dei skal satse på lokale produkt, og Kinn-ølet er ei av dei sterkaste merkevarene vi har i fylket, seier Lothe.

Kjøpmann på Rema 1000 på Evja, Oda Helgås, er einig:

– Klart vi skal fortsette å ha Kinn-øl i hyllene. Florøfolket kan ta det heilt med ro, strekar ho under.

Tilbod: Alt digitalt innhald for 10 kroner i 10 veker

Artikkeltags