Ein meir brannsikker heim

Hausten er tida for levande lys og innekos. Det er også då mange bustadbrannar oppstår.

Her får du tips til ein meir brannsikker heim.

Publisert 08.11.2007 kl 13:55 Oppdatert 27.02.2008 kl 12:12

Tips ein venn på e-post:



...
Bustadhus i full fyr under brannøving. Foto: Linda Regina Bruvik

Hausten og vinteren er tid for å tenne levande lys, og uheldigvis er dette kvart år også ei kjelde til at bustadbrannar oppstår.

Ifølgje fersk statistikk frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap er det så langt i år registrert 848 bustadbrannar her i landet. Talet for heile 2006 enda på 1564. I år har 59 menneske mista livet i brann, ein auke på 19 prosent samanlikna med same tid i fjor.

Det er mange enkle grep ein kan gjere for å minske brannfaren.

Sjekkpunkt for ein meir brannsikker heim

-Alle bustader skal ha minst ein røykvarslar – fleire vert anbefalt. Test røykvarsleren kvar månad. Bytt batteri årleg

-Alle bustader skal ha handsløkkeapparat eller husbrannslange lett tilgjengeleg. Les bruksrettleiinga

-Sjå til at rømmingsvegar er rydda. Ved brann må du kunne komme deg raskt ut, utan å bruke nøkkel

-Unngå brennbar dekor. Fjern brennbare lysestakar og lysmansjettar. Sløkk alltid stearinlys før du forlet rommet

-Dersom noko er gale med sikringane, kontakt elektrikar for å sjekke det elektriske anlegget

-Unngå tørrkoking. Blir du avbroten mens du lagar mat – slå av komfyren

-Pass på at omnane er plasserte i trygg avstand frå brennbart materiale. Omnane må ikkje dekkast til

-Fyr med tørr ved, og ha alltid god trekk. Oske kan vere brannfarleg i fleire dagar. Tøm oske forsvarleg

-Sørg for at elektrisk utstyr vert montert av autoriserte fagfolk – og vert brukt riktig

-Bruk vaskemaskiner og tørketromlar berre når du er heime og er vaken. Rens lofilteret på tørketrommelen regelmessig

-Det finst små, automatiske brannsløkkarar som kan monterast inne i sikringsskap og i større elektriske artiklar som TV'ar

(Kjelder: www.viivilla.no og Norsk Brannvernforening)

Eiendom til salgs og leie lokalt

Velg kategori

Velg område

De nyeste annonsene

Annonsere? Bestill annonse her

Nyeste bolig

Einebustad med hyblar. Treng oppussing. Fellesv...

2850037

Einebustaden med 3 hyblar i kjellaren går over 2 plan og fordelar seg slik: U.etg: Kjøkken, 3 soverom, bad, vaskerom og 2...

Prisantydning: 2.900.000,-

Område: Sogndal

Eiendomstype: Enebolig

Primærrom: 135m²

Antall rom: 7

Visning: 30.05.2013 18:00 - 19:00]

Mer om boligen

2850037
Annonsere i avis og på nett?
Visningskalender
Velg visningsdato
Man Tir Ons Tor Fre Lør Søn


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.