Byggestart i 2008

FLORØ: Fire av partia på fylkestinget har i dag sikra pengar til utbygging av Flora vidaregåande skule.

Publisert 11.12.2007 kl 16:36 Oppdatert 11.12.2007 kl 20:36

Tips ein venn på e-post:

...
Åshild Kjelsnes (Ap), Karianne Torvanger (AP) og Edith Aarebrot Madsen (H) frå Florø er blant fylkestingsrepresentantane som i dag sikra pengar til utbygginga. Foto: Simon F. Solheim

Aksjonerer for skulen sin

...

500 elevar frå Flora vidaregåande gjekk torsdag i demonstrasjonstog mot fylkespolitikarane si manglande vilje til å løyve pengar til utbetring ved skulen.

Sjå bilde her

Eit fellesframlegg frå Høgre, Arbeidarpartiet, SV og Frp sikra pengar til utbygginga av Flora vidaregåande skule, slik at prosjektet kan starte allereie neste år.

Investeringsplan

Dette vart klart når Fylkestinget tysdag ettermiddag handsama Investeringsplanen for 2008-2015.

Utbygginga får 6 millionar til neste år, 22 millionar i 2009, 14 millionar i 2010 og 10 millionar årleg frå 2012 -2015.

Jobba hardt

- Eg og resten av Høgre har kjempa hardt og lenge for dette. Vi er glade for at vi har fått med oss dei andre partia på framlegget, eit framlegg som vi i Høgre har laga, seier Edith Aarebrot Madsen (H).

- Det viktigaste no er at bygginga kjem igong i 2008, og at anbodet kjem ut så snart som mogeleg. Det står det også i vedtaket, legg ho til.

- Det har vore harde forhandlingar, men til slutt vart dei fire partia einige om eit fellesframlegg. Vi er veldig nøgde med resultatet, seier Karianne Torvanger og Åshild Kjelsnes (begge AP).

Framlegget vart vedteke med 25 mot 14 stemmer.

Mest lese no

...

MGP-crewet "kjøyrer" Toyota

Lokalnytt Då elevane ved Innvandrarsenteret i Flora las på bilane Toyota Førde har lånt til MGP-crewet denne veka, stussa dei på kva det ukjende ordet "kjøyrer" betydde. Få timar seinare hadde bilfolket retta opp nynorsk-fadesen. Les meir

...

Her går det gale for kjettinglaust vogntog

Lokalnytt Utanlandske vogntogsjåførar held fram med å skape vanskar. Les meir

...

God innspurt i billettsalet

Kultur To dagar før MGP-sirkuset tek av i Florø, er det selt rundt 2200 billettar. Les meir

...

Sju trafikkuhell torsdag

Lokalnytt Torsdag var det sju trafikkuhell i Sogn og Fjordane. Eit av desse var i Florø. Les meir


Tips oss

Tlf. 57 75 73 03
SMS/MMS: 2097, kodeord "fptips"
E-post: redaksjon@firdaposten.no

Kontakt oss

Tlf. 57 75 73 00
E-post: redaksjon@firdaposten.no
Besøksadresse: Markegata 65, 6900 Florø
Postadresse: Postboks 38, 6901 Florø

Annonsere?

E-post: annonse@firdaposten.no
Meir informasjon: Marknadsavdelinga

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Svend Arne Vee
Nyheitsredaktør: Arve Olav Solbakken
Tilsette: Redaksjonen

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.